Yr bucket bag

Sale!

Yr bucket bag

Original price was: kr 50,00.Current price is: kr 40,00.

Category:

Description

Yr bucket bag er ei supersøt lita veske du kan bruke til det meste. Den er perfekt som prosjektpose til strikketøyet, sminkepung eller noko anna. Den vert strikka frå botn og oppover i holmønster, og brettekant øverst. Til slutt strikkar du ei i-cord snor som du trer i brettekanten. Viss du vil, kan du sy eit fôr til, slik at til dømes strikkepinnar ikkje stikker gjennom veska.

Størrelsar: Mini (medium) stor
Diameter: ca 10 (15) 20 cm
Høgde: ca 13 (20) 30cm
Strikkefasthet: 28/10cm
Pinnar: 2,5 og 3,0mm.
Garn: Sandnes tynn merinoull (50g = 175m)
Garnmengde: ca 50 (100) 150g

Strikkeremme tynn merinoull (100g = 400m), Sandnes mandarin petit (50g =180m), Viking bambino (50g = 176m), Sandnes tynn line (50 g = 220m) Sandnes Sunday (50g = 235m), Merinor baby merino (50g = 170m), Jord Clothing Wooly Light (50g = 250m), Dale baby ull (50g = 165m). OBS: ver merksam på at løpelengde varierer på ulike garntypar.

Denne veska kan fint strikkast med tjukkare pinnar og tjukkare garn, og gjerast større eller mindre etter ynskje. Sjå bilder for å sjå korleis veskene kan bli ved å strikke dei i 22/10-garn på pinne 3,5mm.

Oppskrifta inneholder i tillegg informasjon om:

– korleis sy fôr viss du ynskjer det.
– korleis skalere oppskrifta til større veske sjølv.

Reviews

There are no reviews yet.

Be the first to review “Yr bucket bag”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *